page view image

Vrakfeber//Mellombels

Information
event image

Djupt inne i kommunal sektor sit ein avdanka vokalist og lengtar tilbake til scena. I eit trongt kollektiv i hovudstaden sit ein skuffa gitarist som har innsett at å spele på Lyse Arena aldri vil kunne måla seg med Mellombels. Bak ein miksepult står ein trommis som eigentleg berre vil tilbake bak trommene. Og mellom bæsjebleier og gulp lurar ein småbarnspappa på om det eigentleg er brot på pappapermisjonen å spela rock med Vrakfeber igjen.

Vrakfeber er tilbake! Etter to år i dvale er gjengen klar til å avslutta året med ein skikkeleg konsert. Med seg har dei supervikaren Birk Nes på bass – og han lovar at bandet er betre enn nokon gong. «Det er ein draum som går i oppfylling,» seier Nes. «Endeleg skal eg og få vera med på å få alle damene. Redningsvest er bestilt!»