© TicketCo AS 2026.
Vilkår for sluttbrukere (billettkjøpere)
Vilkår for arrangører.
Vrakfeber er tilbake på Mellombels! Den årlege tradisjonen held fram, og bandet lovar som alltid ein kveld med rock og god stemning. Etter eit år med ugyldig fråvær har Kristian meldt seg til teneste igjen, klar til å svinga både seg sjølv og bassen for eit fullstappa Mellombels. Men det stoppar ikkje der. Vrakfeber har nemleg gått til det drastiske steget å utvida stallen med Johannes Hetland som fast medlem. Med ufatteleg sløye linjer på keys og eit stemningsløft av ein slik kaliber at sjølv dei mest skeptiske bandmedlemma har byrja å tru på eit fullverdig comeback og tilhøyrande verdsherredøme. Sånn omtrent. Om det held musikalsk mål, står att å sjå. Men med fleire medlemmer, større tru på eigne evner og den same mangelen på sjølvinnsikt er Vrakfeber klare for årets konsert på Mellombels.