Vrakfeber + Vicereine

Arrangementsinformasjon
Påskeferie på Mellombels = konsertar på skjærtorsdag.

I år har me invitert Vrakfeber + Vicereine til å spela rygg til rygg mot kvarandre.

VRAKFEBER
Dei lokale unggutane i Vrakfeber har blitt til modne menn og kjem med ein eldre meir sofistikert utgåve av bluesrocken sin. Neidå. Det er den samme energiske rocken som dei er kjent for. Det vert nye bandmedlemmar, mykje rå gitar og songar om Jesus.

VICEREINE
Dansebandet som fekk den tidligare bassisten i Vrakfeber til å kasta skjorta under konserten deira på Jærnåttå i fjor kjem tilbake til Bryne. Tropical Death har aldri vore frekkare enn dette.