page view image

"Spør For En Venn" #2//Mellombels

Informasjon
event image

"Spør for en venn "#2– Krise og beredskap

Denne gongen dreg me i naudbremsa: Kva gjer du når krisa treff?

Krig, cyberangrep, ekstremvêr, terror, straumbrot – lista over ting som kan velta kvardagen er lang. Men kva betyr det eigentleg å vere førebudd? Kven har ansvaret? Og kva kan DU gjere?

I den populære samtaleserien "Spør for en venn" inviterer me til ein ny kveld med kloke hovud, store spørsmål og låg terskel.

Denne gongen er temaet: krise og beredskap.

 Med oss på scenen har me:

Mariann Svanes, distriktsleiar i Sivilforsvaret Rogaland – med førstehandserfaring frå både kriseøvingar og ekte hendingar.
Ragnhild Hobberstad, vikarierande beredskapskoordinator i Time kommune, og til dagleg rådgjevar og SLT-koordinator – med blikk for førebygging og lokalt samarbeid når det gjeld som mest.

Og ikkje minst:

Vår fantastiske konferansier Karin Hodne held i trådane og sørger for ein trygg, levande og lærerik samtale – med rom for både alvor og glimt i auge.

Enten du er nysgjerrig, skeptisk eller berre vil ha betre kontroll på eigen beredskap – dette er kvelden for deg.
Velkommen til ein kveld med innsikt, inspirasjon og kanskje eit lite vennskapleg dytt i rett retning!