Snakk om stoisk ro

Arrangementsinformasjon

Snakk! om stoisk ro

Å bevara fatninga i einkvar situasjon er ei tidlaus dyd, men kan dette lærast?


Ifølge Stoisismen er svaret på dette spørsmålet ja. Stoisismen oppstod i Athen for meir enn 2000 år sidan og har opplevd fleire gjennopplivingar før no i seinare tid. For den moderne stoikar handlar det i grove trekk om å streba etter eit uforstyrra sinn framfor å gi seg hen til nyting. Men korleis få dette til? Og kva balanse skal ein streba etter?

Dette og meir vil me studera nærmare i kveldens Snakk! med Jens Oscar Jenssen.

Jens Oscar Jenssen er utdanna filosof (M.A.), og har videreutdanning i filosofisk praksis (NSFP). Han har skrive bøkene Stoisk ro - livsvisdom for vår tid. (Cappelen Damm, 2020) og Det mystiske mennesket - en samtale med Johannes av Korset (Arneberg forlag, 2014).

I kveldens Snakk! fordjuper me oss i den filosofiske retninga Stoisismen og ser på korleis den kan vera relevant for det moderne menneske i dag.

Inngang: 100