Snakk om jærsk samtidslitteratur

Arrangementsinformasjon

Den jærske litteraturen spirer friskt, med blant anna jærsk forlag, fleire lokale litteraturfestivalar og endå fleire forfattarar med jærske røter.

I Snakk! om samtidslitteratur møter me tre forfattarar med lokal forankring. To av dei er relativt ferske medan den tredje har vore aktiv i fleire år.

Runar Holiløkk Tjelta (1978) debuterte med romanen "I hodet, i hagen, med hagle" i 2019. No kjem han til Jæren for å lansera sin andre roman, «Mono sapiens». «Mono sapiens» handlar om å flytta frå Jæren til Oslo for å studera og arbeida, men ikkje klara å integrera seg og få vener. Tjelta vaks sjølv opp på Bryne, men var ein så trøblete ungdom at barnevernet plasserte han på det berykta Motivasjonskollektivet i Eidsvoll. I dag jobbar han som saksbehandlar i staten, bur like utanfor Oslo saman med kone og tre barn, og han lengtar stadig oftare heim til Jæren.

Rakel Fjelltvedt (f 1997) er ei anna ny stemme i den jærske samtidslitteraturen. Fjelltvedt er utdanna sjukepleiar og bur på Orre. Fjelltvedt ønskjer å bidra til openheit kring tabubelagte tema, og i 2021 debuterte ho med romanen «Hent meg en ny dag» som blant anna tematiserer sjølvskading og sjølvmord.

Tjelta og Fjelltvedt møter til samtale med ein av dei meir etablerte stemmene frå Jæren, forfattaren, psykologen og gründer av Jorddøgn litteraturfestival Peter F. Strassegger. Strassegger er fødd i Austerrike og oppvaksen på Bryne.  

I Snakk! om jærsk samtidslitteratur jaktar me på det stadspesifikke i den jærske litteraturen.  Dei tre forfattarane skal snakka om bøkene dei to førstnemnde har skrive, og korleis Jæren og erfaringane deira har prega deira forfattarskap.