Snakk om damer som drikk

Arrangementsinformasjon

Menn drikk framleis mest alkohol, men kvinner drikk stadig meir. Kvifor?

Er det forskjell på korleis ein oppfattar kvinner og menn som drikk mykje alkohol?

Kva tid sluttar alkohol å vera gøy?

Ida Pallin har laga podkasten «Damer som drikker» for Av-og-til, ein organisasjon som jobbar for godt alkovett. I poden snakkar ho med åtte kvinner som fortel om forholdet dei har til drikking.

Psykolog Elin Johanna Ljungström jobbar på Rogaland A-senter som er ein behandlingsinstitusjon for rusproblematikk. Ho held på med spesialisering innan rus- og avhengigheitspysklogi.

Det er desse to damene som skal diskutera dei nemnde spørsmåla og fleire i same gate, i ein samtale leia av Snakk-ar Kristine M. Stensland.  

Arrangementet kan sjølvsagt bli avlyst på kort varsel om gjeldande smittevernreglar tilseier det. Men då prøver me i tilfelle igjen til hausten. Damer som drikk er neppe mindre interessant då.