Sein Sommarstandup

Arrangementsinformasjon
Dei lokale komikarane på Bryne er i vinden. Ikkje nok med at Andreas Olsen og co fekk eit svært dobbeltoppslag i Jærbladet nyleg. No skal dei alle opptre saman ein kveld på Mellombels. Den rutinerte moroklumpen Harald Eide Ellingsen er konferansier. Katrine, Ove Martin, Anders og Bjarte skal alle sloss om å vera headliner. Me venter spent på å sjå kven det blir.

Sikra deg billett til denne kvelden med det aller beste me har gravd fram av lokale komikarar. 

Denne kvelden vert det også moglegheit for nye jærske nykommarar å prøva seg på scena. Send ein melding eller poke Anders Olsen om du vil vera med å opptre denne kvelden. 

DESSE SKAL OPPTRE
Konferansier: Harald Eide Ellingsen
Katrine Rasmussen
Ove Martin Mellemstrand
Bjarte Gudmestad
Anders Olsen
standup