Real Ones

Arrangementsinformasjon
Me har lenge drøymt om å tinga Noregs beste liveband til Mellombels. No har me endeleg gjort noko med det. Real Ones kjem til Bryne igjen! 

Bandet feirer ein strålande karriere på 25 år med å gje ut eit nytt live-album og dei legg ut på noregsturne til hausten. Til oss kjem dei på allhelgensdag for å spela oss ut av haustmørket og ta oss med gjennom deira 25 år lange musikkhistorie. 

Sist dei spelte klubbkonsert på Bryne var på Texas nattklubb, så no er det på tide at dei kjem tilbake.

Restriksjoner

18-års aldersgrense