page view image

Mellombels Brunch Affair

Informasjon
event image

For aller første gong inviterer Mellombels til Brunch Affair – eit nytt konsept der vi gjer dagtid litt meir spennande, litt meir uforutsigbar og mykje meir levande. Dette er ein brunch som ikkje prøver å vere fin på det, men heller gir deg følelsen av å vere på rett plass til rett tid, saman med folk som tør å sleppe seg laus.

Vi byr på plokkemat som passar perfekt for å småspise, dele og mingle, medan song og stemning løfter rommet og gir deg den kjende "syng-med"-følelsen. Du veit dei låtane du ender opp med å synge på nachspiel? No får du sjansen til å synge dei midt på dagen – i trygge, leikne og høglytte omgivelsar, der alle får lov til å vere akkurat så frie som dei vil.

Mellombels Brunch Affair er laga for deg som likar når det er høgt under taket, for deg som vil kjenne på energien av eit rom som ikkje tek seg sjølv så høgtidleg, og for deg som har lyst å gi litt fan og berre ha det skikkeleg gøy. Her handlar det om fellesskap, rytme, god mat, latter – og ikkje minst om å skape noko nytt på Bryne.

Samle venene dine, kjøp billettar og bli med på den aller første utgåva av Mellombels Brunch Affair. Dette blir starten på noko heilt nytt.

DJ og Stemnings givare leds av: Steini Wilson Særheim og Karen Norstein Danielsen

Velkommen til eit dagsarrangement som garantert ikkje føles som eit vanleg dagsarrangement.!