Julebrussmaking

Arrangementsinformasjon

Etter eit års pause kan me omsider arrangera julebrussmaking på Mellombels ølstove. I forkant av julegrantenninga på torget senker me aldersgrensa til 0 år for å servera smaksplankar med fem forskjellige julebrus. Saman smakar me oss fram til den beste julebrusen og kårer Brynes favorittjulebrus. 

Me arrangerer ei smaking frå klokka 12:30 - 14:00 og ei smaking frå klokka 15:00 til 16:30. Julegrantenninga på torget startar klokka 17:00. 

Me legg ut eit særs begrensa antall billettar sundag 14. november klokka 12:00. 

Billettpris: 110 kr. Inkluderer fem smaksglass med julebrus og litt julekaker.