Julebrussmaking 2018

Arrangementsinformasjon

Mellombels ølstove samarbeidar med Jordbærpikene Bryne for å laga førjulstidas triveligaste arrangement for born og vaksne. Me senker aldersgrensa til 0 år for å servera smaksplankar med fem forskjellige julebrus. Saman smakar me oss fram til den beste julebrusen og kårer Brynes favoritt. 

Jordbærpikene vil servera julegraut med mandel som er inkludert i billetten. Vaksne som vil vera med som følge treng ikkje billett. Me legg ut eit særs begrensa antall billettar torsdag 8. november klokka 12:00. Det er fare for ekstrasmakingar dei andre søndagane i advent om trykket vert for stort. 

Billettpris: 100 kr. Inkluderar fem smaksglas med julebrus, ein porsjon julegraut.

Etter arrangementet vert det tenning av julegrana på torget.