page view image

Jorddøgns vårslepp – Den siste våronnå?

Arrangementsinformasjon
event image

Velkomen til ein heilaften om landbruk, litteratur og matberedskap. Er det håp om ein ny vår, eller er endetida komen?

JORDBRUK:

«Kva står på spel for bonden - og for oss alle?»

Samtale om tidenes viktigaste jordbruksoppgjer, om bondeopprøret, nasjonal og internasjonal matsikkerheit.

Med: Sven Martin Håland, Bente Gro Milwertz Slettebø og Bothild Nordsletten (ordstyrar).


LITTERATUR:

  1. «Sauebondens liv. James Rebanks spesial»

Midt i lemminga kjem sauebonde Torvald Hadland i samtale med Peter Strassegger (ordstyrar) om James Rebanks sin litteratur, og verdsetting av kunnskapen til ein «enkel» bonde som ikkje kan målast med moderne omgrep. Kva er det Rebanks set ord på som fenger jærbønder i dag? Kvifor bør bønder lesa litteratur – og kvifor er kombinasjonen litteratur/jordbruk ein god eller dårleg ide? Kan bønder bli kulturbærarar igjen? 

Gratis kaffi til søvnlause sauebønder!

  1. «Introduksjon av lesesirkel for bønder». Jorddøgn inviterer alle bønder til å lesa “Du er bonde” av Kristin Auestad Danielsen fram til haustprogrammet. I kveld vil me introdusera boka, gje praktisk informasjon om lesesirkelen, og dela ut gratis bok (lydbok) til dei som har lyst til å delta. Peter Strassegger og Inger Størseth Haarr leiar.  


MUSIKK: 

«Minikonsert med General Forsamling» 

Er han Jæren mørkaste spelemann, eller er det eit skimt av håp i dei dystre tonane til General Forsamling? Speler han songane me treng for å halda ut ein uunngåeleg undergang, eller er der – for å parafrasera Jon Fosse – eit lys i alt det mørke? Kvelden blir avslutta med ein minikonsert til trøyst eller opprør.

Konferansier for kvelden: Gudmund Edland