Jarle Obrestad

Arrangementsinformasjon

Jarle Obrestad kjem til Mellombels med sitt nye «Jæricana»-album. Me ser fram til ein kveld med ekte jærske viser frå ein dreven trio beståande av Jarle Obrestad, Arne Bekkeheien på trommer og Ørjan Kjos på bass. 

Jæricana - eit musikalsk viseunivers
Saman med tekstforfattar Helge Torvund og produsent Jørgen Manke har Obrestad jobba iherdig i eitt år for å utvikle ei unik lyttaroppleving. Spesielt samarbeidet mellom Obrestad og Torvund har vore intenst. Om det er Obrestad som sender ei lydfil til Torvund fyrst, så lytter han til musikken og ser kva ord som kjem ut av den. Om det er Torvund som sender ein tekst til Obrestad fyrst, så klarer ikkje Obrestad å legge den ifrå seg før han har fått ein melodi på plass. Det har skapt ein unik dynamikk mellom dei to, og har denne gong resultert i eit album med elleve spor.

Obrestad påpeiker at han ikkje venter på at inspirasjonen skal kome vandrande, men at han jobbar iherdig med å ha ein mental innstilling om å fortsette med arbeidet uansett inspirasjonsnivå, og at han ikkje gir seg før han har eit ferdig album i hendene. Tekstforfattar Torvund seier dette om albumet: «Med sterke trådar attende til norsk folkemusikk - og samstundes med tekst og tonar godt planta i jærsk jord og i noko av det beste i samtidas musikk, har Jarle Obrestad skapt eit album med klang og tematikk som bør kunna nå langt utover det lokale. Å få lov til å bidra med tekstar til eit så solid og gjennomarbeidd album som dette har blitt, har vore ein svir og ei glede for ein gammal bassist. Lytt på livet!» - Helge Torvund

Jarle Obrestad er født og oppvokst i ei bygd på Jæren; Obrestad, med Nordsjøen rett utanfor stoveglaset. Naturkreftene i havgapet, den opne himmelen, lyset, vinden og slettene er ein del av det som ein har her, som ein set pris på, og som set spor etter seg. Foreldrene dreiv med gardsdrift, men var i tillegg opptatt av musikk, så alle borna på garden måtte etter tur og orden lære å spele piano. I bygda heime hadde dei et aktivt musikkliv med mellom anna visegruppa Vind i Garhold, rockebandet Jær-rock og folkemusikkgruppa Stambordet, eit knippe av prosjekta Obrestad har vært involvert i. Ved sida av artistkarrieren arbeidar han i dag som gitar- og bandlærer i kulturskulen, og driv med tilrettelagt musikkopplæring for barn og unge med ulike utfordringar.