Haustbløyta

Arrangementsinformasjon

Konsert med fleire generasjonar jærrockara.  Frynsete på Nervene, General Forsamling, Psyko Blasfemi og Jærrock råkkar det opp på gamle Nærbø Trelast laurdag 27. oktober.

Nærbø sentrum liknar Murmansk vert det sagt. Gamle, historiske bygg forfell og forvinn medan nye poppar opp, kvar i sin stil og meiningane er mange. I alle tilfelle treng Nærbø sentrum folk og liv, så ver med å ta Stasjoen i bruk. Endeleg er den herlege hausten her og med hausten kjem haustveret. Etter den varme og tørre sommaren, har me fortjent ei skikkeleg haustbløyta.
Så ta på den raude kjolen, hiv deg på mopeden, drikk vekk sorgene og oppfør deg som ein galning på golvet med Jærrock, Frynsete på Nervene, General Forsamling og Psyko Blasfemi.

General Forsamling:
Frå Jærens forblesne og Gudsforlatte strender kjem mannen som kallar seg General Forsamling. Med sine nidviser om brennevin, kvinnesvik og depresjonar, spreiar han den glade bodskap.


Jærrock:
Jærrock treng inga presentasjon. Jærens fyrste rockarar leverar alltid topp kvalitet, så på ta på den raude kjolen, og ver me Jærrock ut på fest.
Medlemmar:
Asgaut Steinnes - vokal
Torstein Obrestad - keyboard
Kjell Gudmestad - gitar
Trond Gudmestad - bass
Leffi - trommer

Psyko Blasfemi:
Psyko Blasfemi sett skapet på plass. Dei har det dei andre banda manglar, ungdommeleg pågangsmot. Psyko Blasfemi leverar tøff pønk/råkk dekka med mange lag av tjukk attitude. Dette er rå, rett fram rausparkar råkk.
Medlemmar:
Gitar: Kornelius
Bass: John Dennis
Vokal: Martin
Trommer: Ørjan


Frynsete på Nervene:
Frynsete på Nervene er eit hardrock- band frå Nærbø og Sandnes.
«Husker du Ingenting? Gruppa fra Sandnes som sang om om øl, sex og ga faen i det meste? Samma det egentlig, Frynsete På Nervene kjører noe av den samme stilen, hverdagslige tekster med humor, mye humor, tufta på klassisk hardrock av den gode sorten; les: Thin Lizzy, Judas Priest og AC/DC.»
"Klassisk hardrock som ikke tar seg selv for seriøst, samtidig som det høres ut som om alt som blir beskrevet i de hårreisende tekstene er tappet fra selvopplevd kildemateriell.
Medlemmar:
Åge Obrestad: Gitar og vokal
Sander Loen: Gitar og vokal
Glenn Ousdal: Bass og vokal
Tormod Nesheim: Trommer


Speletider:
20.00: General Forsamling
20.45: Jærrock
22.00: Psyko Blasfemi
23.00: Frynsete på Nervene