Granem

Arrangementsinformasjon

På Garborgdagar er me opptatt av å løfta fram artistar som enten dei er klar over det eller ikkje tek opp arva etter Garborg. Tekstane må halda eit høgt nivå og artisten må evna å skapa sitt eige univers kring musikken sin. Visefolken til Granem gjer nettopp dette.

Granem er musikkprosjektet til Frode Granum Stang. Han syng på norsk, og formidlar ein djup kjærleik til naturen. Tekstane tek elles for seg utanforskap, einsemd, vennskap, liv og død. Debutalbumet Solstreif, som kom i 2019, blei møtt med strålande kritikkar. Helge Skog i Feedback/iTromsø trilla ein særs sjeldan seksar og kåra albumet til årets beste norske album og tiårets tredje beste norske album!

Om referanser skal nemnast, så nikkast det både musikalsk og tekstleg i retning av Wovenhand, Stein Torleif Bjella, In Gowan Ring, Allan Edwall, Erik Bye, Steve Reich, Hans Børli og sjølvsagt Tor Jonsson.

Granem består denne kvelden av:
Frode Granum Stang: Vokal og gitar
Einar Stenseng: Tangenter og kor


Besøk Granem på:
Facebook: https://www.facebook.com/granemlyd/
Bandcamp: https://granem.bandcamp.com/
Instagram: https://www.instagram.com/granem_/


Tid: Torsdag 28. januar kl. 21.00
Stad: Mellombels ølstove
Pris: 250 (+ avgift)
Arrangør: Garborgdagar og Mellombels


Foto: Eivind Nakken