Banged-Up Bierstube med Jan Rune Holdhus

Arrangementsinformasjon

Potetfestivalen presenterer:

Banged-Up Bierstube med Jan Rune Holdhus

Denne hausten er det EIN oktoberfest du ikkje kan gå glipp av!


Er det ein folkefest? Er det burlesque? Me veit ikkje. Men det vert i alle fall noko heilt spesielt.

Jan Rune Holdhus leder showet. Han har med seg sine gode vener i Banged-Up Burlesque som skal framføra oktoberfestinspirert burlesque. Ein salig blanding av show, dans og striptease. Bryne musikkorps og Gukkenheimer kameraden er også med og tilfører showet ein autentisk oktoberstemning. Med allsong, korpsmusikk, humor og galskap som ingredienser har dei satt saman eit heidundrandes bra haustoktoberfestburlesqueshow. Me lover deg noko du aldri har sett maken til (på Bryne).

Showet foregår i teltet på Bryne Torg under Potetfestivalen. Teltet opnar klokka 18:30 og stenger klokka 23:30. 18-års aldersgrense.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Mellombels ølstove, Bryne musikkorps, Potetfestivalen og Banged-Up Burlesque.