page view image

Malmin + Åshild Vetrhus

EVENT INFORMATION
event image

Mellombels inviterer til ein kveld med folkemusikk frå Rogaland. Det blir lokale slåtter frå Malmin og folkesong frå Åshild Vetrhus.

Malmin

I duoen Malmin fokuserer me på folkemusikken frå Suldal og Bjerkreim i Rogaland.

Me har tatt utgangspunkt i arkivopptak med dei gamle meistrane. Ein del av slåttane har me prøvd å legge så tett opp til utøvaren som mogleg mens andre har me bevisst dratt i ei anna retning. Me har blant anna eksperimentert med å filtrere nokon av slåttane gjennom munnharpe-skalaen (naturskalaen) og gamle langeleik-skalaer. Me nyttar tradisjonelle instrument som hardingfele, vanleg fele, langeleik og munnharpe men og gitar og mandolin som me har rigga mikrotonale for å betre kunne speile tonaliteten me høyrer i arkivopptaka.

Olav Christer Rossebø er kjent fra band som Lady Hardanger, Frøkedal og familien og Bergen Mandolin band. Anders S. Hana spelar med Naaljos Ljom og The End og har tidlegare vore med i band som Noxagt, MoHa, Ultralyd.

Olav Christer Rossebø: Fele, oktavfele, hardingfele, mikrotonal mandolin og triangel 

Anders Sundsteigen Hana: Mikrotonal gitar, langeleik og munnharpe.


Åshild Vetrhus

Åshild Vetrhus er folkesongar frå Bråtveit i Suldal. Ho har utdanninga si frå Norges musikkhøgskole og har lært folkesong av Ruth Anne Moen (tidlegare konservator og arkivar ved Folkemusikkarkivet for Rogaland), Berit Opheim, Tone Juve, Kirsten Bråten Berg og Ragnhild Furholt, i tillegg til direkte frå arkivopptak med kjelder frå heile Rogaland. 

Åshild arbeider no som frilans musikar og som arkivar og leiar av Folkemusikkarkivet for Rogaland ved Ryfylkemuseet. Ho kjenner den lokale tradisjonen frå fylket godt, og har fordjupa seg i denne. Som musikar opptrer ho solo og i ulike grupper og prosjekt. Saman med trioen Tindra har ho vore involvert i mange musikalske prosjekt med band og folk frå andre land, inkludert den polske trioen Króke, den georgiske musikaren og komponisten Russudan Meipariani, og musikarar frå Vietnam og India. I 2011 spelte ho konsertar med Tindra på Jaffna Music Festival på Sri Lanka. 

Ho har vore involvert i nokre av jazzmusikar Jon Balke sine produksjonar, og saman med pianist Andreas Ulvo (Innlandet, Eple trio, Karl Seglem band, Mathias Eick Quintet) og klarinettist Morten Barrikmo (Oslo Sinfonietta, Trondheim Jazzorkester m.m.) reiser ho på juleturne med prosjektet «Frå høge himmel» - tradisjonelle julesalmar frå Rogaland. I 2023 kjem eit nytt prosjekt på plate; «Når du er borte» - tradisjonelle gravferdssalmar frå Ryfylke og Hardanger (Vetrhus/Tveiten/Ulvo/Apeland)